Alle resultat er offentleggjorde internasjonalt på DUV si side, den mest anerkjende sida for ultraløp i verda. Neste års løp er annonsert allereie. Gå inn på sida og søk opp løpet, deg sjølv, andre løp du har delteke i, løp du kan tenke deg å delta i og andre løparar du er nysgjerrig på.
Vi ønsker alle som vil delta i Enivest Sunnfjord Ultra velkomen til neste års løp. Datoen er sett til 13. juli 2024. Vi startar påmeldinga tidleg i januar. Tusen takk for i år og god sommar!
Det andre vil kalle tortur, betalar desse for å gjere: No ventar 53 beintøffe kilometer
26 deltakere gjennomførte Sunnfjord Ultra i år. Og meget gledelig var det at værforholdene var betraktelig bedre enn i fjor.
Enivest Sunnfjord Ultra har tradisjon for å utnemne maskot etter løpet. Frå tidlegare er Rune Vindheim og Tor Eirik Nygård maskotar. For å oppnå denne statusen må du vere ein god ambassadør for løpet og ha den ekstra gløden som vi som arrangørar legg merke til.
1. premie: Engel/trerelieff frå Rivedal galleri 2. premie: Kniv (GT) frå Helle fabrikker 3. premie: Dreia fat av Leif Gunnarskog
No har eg montert 26 medaljar til dei som er påmelde så langt. Fleire kan det bli.
Du deltek på eige ansvar og må signere på det når du hentar startnummeret. Vi er svært opptekne av tryggleik, og ber deg om å følgje desse råda:
Dryge to veker før løpet er det tid for å førebu seg. Dei fleste deltakarane er røynde ultraløparar, og mange har vore med før. Vi reknar difor med at de har kontroll på alt som har med klede, sko, mat, drikke og anna de treng for å kome dykk trygt til mål.
Vi er godt fornøgde med at det er 22 påmelde tre veker før løpet. I neste veke tingar vi t-skjorter, så om du melder deg på dei neste to-tre dagane, er du sikra å få ei fullførar-t-skjorte i rett storleik. Årets farge er svart.
I år har vi fått lov til å dele ut startnummera og alt anna løparane treng på Kardemomme Kaffibar. Den ligg like ved startstreken. Det vil skje fredag 7. juli mellom klokka 16 og 19. Stikk gjerne innom dei hyggelege folka der og smak på det dei har på menyen. Kaffien er kjempegod!
Vi gratulerer alle med dagen i dag, og særleg kvinnene, sidan det er dykkar dag!
Det er berre å seie hurra og takk for at Rivedal bygdelag stiller opp med kafé i målområdet i år som i fjor. Det blide og serviceinnstilte mannskapet hausta mange lovord frå deltakarane og tilreisande.
Vi vil takke alle deltakarane for at de stilte opp og laga endå ein fest frå Førde til Rivedal på laurdag. Tusen takk til sponsorane våre. Utan dykk kan vi ikkje arrangere.Datoen for neste års Enivest Sunnfjord Ultra er 8. juli. Då er det femårsjubileum, og det må vi markere.
Vi er veldig glade for at alle deltakarane under årets løp bidrog med 50 kroner til Aktiv mot kreft. Vi trur at alle bekkar små kan leie mot den store åa som på sikt kan føre til at Pusterommet på sjukehuset i Førde blir etablert. Solveig Stranden og Anja Lena Selstad, som deltok i løpet for Aktiv mot kreft, og gjennomførte løpet på imponrande vis, tok i mot gåvesjekken på vegner av organisasjonen.
Det ble seier for andre år på rad for Lars Øvrebø, og Mari Fenne fortsetter sin fine form på en grå og våt dag på Vestlandet.
Mari Fenre er vinnar kvinner
Lars Øvrebø er årets vinner i herreklassen.
Gunnar Helge Rivedal stiller ut foto med mange ulike motiv. Han kallar det blanda drops, mellom anna frå naturen i Rivedal, blomar, fjord og fjell og av ferjer. Bileta heng oppe heile dagen, og det er mogleg å kjøpe om du ønskjer det.
Vi har passert 40 påmelde i dag. Vi er om lag der vi var i fjor, då 44 fullførte løpet. Sjå kven som er med på nettsida vår.
Her er bilete av deltakarpremien, den klassiske Enivest Sunnfjord Ultra-medaljen i tre, med perler på ei snor. 2. premien til kvinner og menn er ein kniv som har namnet GT, laga ved Helle Fabrikker, ein av sponsorane våre. 3. premien er eit fat dreia av Leif Gunnarskog.
Det blir kafé i regi av Rivedal bygdelag, for deltakarar og dei som møter opp for å sjå på veteranvogn-parade, og dei som kjem for å heie på og ta i mot sine kjære i mål. Betasuppa er eksklusiv for løparane. Vi skal klare tilby mat og drikke til dei som kjem i mål etter kl 18 òg.
I dag er vi 802 medlemmer på denne gruppa. Det er heilt strålande. Dei siste to vekene har vi fått over 20 nye medlemmer. Det betyr at interessa for løpet er stort. Det er enno mogleg å melde seg på. Tips vener og kjende om å bli medlem her.
Les kva Utemagasinet.no skriv om Enivest Sunnfjord Ultra.
Ein av sponsorane våre, Fuel of Norway spanderer næring på deltakarane i form av gelar og barar. Kvar løpar får opp til tre av kvar type. I tillegg trekker vi ti drikkeflasker og ti 500 g sportsdrikke-pulver på startnummer. Tusen takk for støtta! Les meir om Fuel of Norway under fana sponsorar på nettsida vår.
Vi oppmodar alle om å følgje godt med på nettsida og oppdateringar på Facebook. Det finst nokre ofte stilte spørsmål, som vi svarer på her.
Når startskotet for Sunnfjord Ultra går i juli, kan ein få auge på ein liten ekstra detalj hos løparane: Regnboge-armband.
Vi slår eit slag for det lokale næringslivet som støttar løpet vårt. Utan desse sponsorane, som stiller opp med pengar, effektar, premiar, bilar, målportal, telt og andre varer og tenester som vi treng, så ville vi ikkje klare å arrangere dette løpet med den kvaliteten det no har fått.
Malin Frøyen Bergset er ein fantastisk ambassadør for løpet vårt. Ho deltek for tredje gong i år. Vi mistenkjer henne for å like løpet svært godt. Eitt av bevisa på det er den herlege tatoveringa på venstre overarm.
I år har vi eit nytt spennande innslag i målområdet før første deltakar er komen i mål.
Årets startnummer er på plass. Vi har 100 av dei. I år som i fjor er startnummer 82 reservert spesielt til Torbjørn Os. Han spring for Amalie i mitt hjerte. Amalie Os Mallasvik, dottera til Torbjørn, hadde dette startnummeret i det siste løpet ho deltok i.
Løypa er ikkje merka utanom siste delen i terrenget, som har T-merking frå turlaget i området. Du må sjølv orientere deg frå starten i Førde til mål i Rivedal. Vi har likevel hjelpemiddel.
Førstkomande måndag legg vi inn bestilling på fullførar- og mannskaps-t-skjorter. Vi reknar med at det blir nokre fleire deltakarar fram mot løpsstart, men om det blir fleire enn vi har bestilt t-skjorter til, vil dei som melder seg på først bli prioriterte. Velkomen til sommarens vakraste eventyr i Sunnfjord.
Her er meldinga frå Anja Lena Selstad etter at laget hennar i dag stilte i t-skjorter frå fjorårets Enivest Sunnfjord Ultra i årets Helse Førde-stafetten: «Skikkelig flinke damer! Med fem damer fordelt på seks etapper, så klinka vi jammen til med ein 6. plass av 48 lag i bedriftsklassen!
og sikre deg deltakarmedalje og fullførar t-skjorte. Det aukar på med påmelde frå dag til i dag. 34 har meldt seg på til no, berre ti færre enn deltakartalet i fjor.
I dag kom det pakke frå Aktiv mot kreft. Det er panneband, capsar, drikkeflasker og ryggsekkar som skal vere uttrekkspremiar på startnummer når deltakarane er komne i mål. Vi har i år innleia samarbeid med Aktiv mot kreft, og 50 kroner frå kvar påmelding går til organisasjonen.
Det er i dag dryge ein og ein halv månad til løpsdagen 9. juli. Vi har 28 påmelde til no, og ligg godt an i høve 2020 og i fjor, då høvesvis 88 og 44 fullførte turen mellom Førde til Rivedal.
Anja har fullført det 53 kilometer lange ultraløpet éin gong før, men det er første gong Solveig skal gjennomføre eit så langt løp. – Eg hadde uansett tenkt å stille i år, men då eg såg kva organisasjon løpet skulle fronte, gjekk telefonen rett til Solveig, seier Anja.
Ein viktig motivasjon for å delta i Enivest Sunnfjord Ultra 2022, er at løpet i år skal fronte organisasjonen Aktiv mot kreft. Aktiv mot kreft er ei privat stifting etablert av Helle Andersen og Grete Waitz i 2007.
Sunnfjord Ultra går fra Førde til Rivedal og deltakerne skal forsere ca. 2000 høydemeter i løpet av 53 km. Ca. 20 km av løper går på asfalt, 14 km på grus og 19 km i terreng. Dette er et løp som viser fram det vakreste de har av natur i Sunnfjord.
I samband med at Enivest Sunnfjord Ultra samarbeider med Aktiv mot kreft, presenterer vi to bloggar på nettsida vår.
Denne videoen frå Relive gir eit fint inntrykk av løpet. Vi er 24 påmelde til no, det same talet påmelde som vi hadde i slutten av mars i fjor. Det lovar godt.
Vi er 23 påmelde til årets løp, og no kjem jentene for fullt. 17 gutar og seks jenter har meldt seg på. Det er plass til endå fleire.
Vi har passert 20 påmelde til årets Enivest Sunnfjord Ultra. 16 menn og fire kvinner. Det er utruleg gledeleg så tidleg, knappe halvåret før løpsdagen. Vi går for deltakarrekord i år. Då er det berre 68 att som treng å melde seg på. Gå inn på nettsida vår og meld deg på. God helg!
Her finner du GPX fila for Sunnfjord Ultra
Vi er snart 750 medlemmer som kjenner til den glade galskapen Enivest Sunnfjord Ultra er. Vi kan godt bli fleire. Til no er 16 påmelde til løpet som går av stabelen om eit knapt halvår.
Vi er allereie 13 påmelde til årets Enivest Sunnfjord Ultra, eit halvår før løpsdagen. Sjekk videoen frå løpet i fjor og meld deg på på nettsida vår. Bli med på sommarens vakraste eventyr i Sunnfjord 9. juli.
Sjå video fra årets løp
Sett av 9. juli 2022. Då går den fjerde versjonen av Enivest Sunnfjord Ultra av stabelen. Følg godt med på nettsida vår.
Enivest Sunnfjord Ultra ville aldri nådd det nivået arrangementet er på i dag utan hjelp frå hovudsponsoren Enivest og anna lokalt næringsliv.
Trass problem med ein legg i forkant, og litt komplikasjonar under sjølve løpet, enda Målfrid Hermansen på pallplassen. For andre året på rad deltok Målfrid Hermansen frå Isdalstø i det 53 kilometer lange løpet Sunnfjord Ultra.
Enivest Sunnfjord Ultra 2021 vart akkurat så fantastisk som vi ønskte at arrangementet skulle vere, frå vi sende ut første løpar i dag tidleg, til siste mann og kvinne kom i mål i kveld. Tusen takk til deltakarane, til alle som har hjelpt til undervegs, til alle som hjelpte i Rivedal, til Rivedal bygdelag og ikkje minst til alle som gjorde dagen så kjekk ved å heie og bruke tid i målområdet.
Fjorårets overskrift for Enivest Sunnfjord Ultra var vilt, vakkert og vått. I år kunne vi like gjerne byte ut vått med varmt. Forholda var dei alle beste for dei som valde å ta seg til fots mellom Førde og Rivedal, rundt 20 grader og nedbørsfritt, og denne gongen fekk dei 45 deltakarane som starta sjå den vakre sunnfjordnaturen.
Rune Vindheim er ei legende. I Enivest Sunnfjord Ultra er han ein av tre som har fullført alle løp til no. I år kom han i mål på 13 timar og 45 minutt, den beste tida hans så langt. Vi kjenner ingen som er så sta og positiv som Rune. Han skal fullføre!
Firda hadde ei journalist som fulgte løpet. Mange fine intervjuer og flotte bilder fra Enivest Sunnfjord Ultra.
Knappe to døgn til start og framleis mogleg å melde seg på fram til startnummerutdelinga er over fredag 9. juli. 61 påmelde til no. Vi er utanfor Spenst Førde og deler ut nummer mellom kl. 16 og kl. 20 i morgon.
Enkelte deltakarar har kontakta oss om transport frå Rivedal tilbake til Førde etter løpet. Vi planlegg å organisere det utan å bestille buss, sidan det blir litt dyrt for relativt få personar.
Dei aller fleste påmelde har betalt, men det manglar nokon. Enkelte melder tilbake at de ikkje har motteke betalingsinformasjon på e-post. Det beklager vi. Andre melder om trøbbel med Vipps. Send melding til oss dersom de får problem.
Målgang for Enivest Sunnfjord Ultra er ved Rivedal galleri og Rivedal grendahus. Når løparane kjem i mål, er det høve til å kjøpe mat og drikke i grendahuset, der Rivedal bygdelag har kiosk/kafé.
Fotograf Alf Vidar Snæland vil følgje løparane frå start til mål og om vêret tillet det vil han filme, m.a. med drone.
Vi planlegg å gi dykk noko lite å bite i, og har tenkt på ein liten bit foccacia med litt ost inni. Det er salt og lett å fordøye og kan etast av dei som er vegetarianarar blant løparane. Kanskje vi skal ha ein variant med skinke og ost for dei som vil ha det. Her er vi usikre. Er dette ein god idé?
Rivedal bygdelag står for alt sal av mat og drikke i mål. Dei lagar lapskaus til deltakarane. Prisen er kr 120,- for lapskaus. Bygdelaget har òg kafé der du kan få kjøpt anna mat og drikke.
Vi har ikkje ressursar til å nytte avansert tidtakarutstyr i dette løpet. Vi gjer det difor enkelt og stolar på at dei som deltek er ærlege.
Kvernafossen bryggeri har laga eit spesialøl som alle løparane mottek som gåve når dei har fullført Enivest Sunnfjord Ultra. Vi har kalla årets utgåve av ølet for Mensen Ernst Ultraøl, og satsar på at dette blir ein tradisjon
I dag går fristen ut for dei som vil vere garanterte å motta deltakarmedaljen og fullførar-t-skjorta. 45 løparar er alt påmelde.
Det er ein tunnell i heile løypa. Den er 600 meter lang og er på vegen mellom Bygstad og Laukeland. Løypa går gjennom tunnellen. Det er god plass for løparar på begge sider av vegen.
Vi følger reglane som gjeld for smittevern på løpsdagen. Gjeldande reglar gir oss lov til å ha 200 deltakarar. I dag, over tre veker før løpet, er det 41 påmelde.
Sponsoren vår, Fuel of Norway, har gitt Enivest Sunnfjord Ultra energibarar og -gelar til utdeling når deltakarane hentar startnummera.
Informasjon om om løp på eige ansvar, tidtaking, utdeling av startnummer og starttidspunkt og høve til tidleg start og makstid.
Det er fleire påmelde til no enn på same tid i fjor. Det lovar godt.
Enivest Sunnfjord Ultra er svært glad for at vi har fått til eit samarbeid med Rivedal Bygdelag under årets arrangement
Ei oppmoding til alle medlemmene på sida her. Del sida med vener og kjende som de tenkjer kan vere interesserte i å delta og som vil skape blest om Sunnfjord som reisemål. Vi passerer snart 600 medlemmer. Dess fleire som veit om oss, dess betre blir det. Nettsida vår blir dessutan oppdatert frå dag til dag no, så følg godt med.
Sjekk kondis.no si terminliste. Mange fine løp framover.
Her er dei flotte premiane til beste mann og beste kvinne i årets utgåve av Enivest Sunnfjord Ultra:
Deutche Ultramarathon Vereinigung presenterer Enivest Sunnfjord Ultra på sine sider. Denne sida blir følgt av ultraløparar frå heile verda.
I dag er det to månader til Enivest Sunnfjord Ultra går av stabelen. Vi trappar opp informasjonen i tida framover, og de må gjerne sende oss spørsmål på post@sunnfjordultra.no. Følg med på nettsida vår! Meld deg på sommarens vakraste eventyr i Sunnfjord!
Vi er no 35 påmelde til sommarens vakraste eventyr i Sunnfjord, Enivest Sunnfjord Ultra. Med litt over tre månader att til arrangementet, trappar vi opp informasjonen på nettsida vår og på Facebook.
Enkelte som har meldt seg på sender melding om at dei ikkje har motteke betalingsinformasjon, medan andre har fått det og betalt.
At det er viktig å handle lokalt er ingen klisjé. Det er det lokale næringslivet som støttar dei tiltaka vi er mest glade i, og som vi snart skal bruke igjen når pandemien er over: kunst-, kultur- og idrettsarrangement.
Last ned zip fila og pakk den ut. Inneholder GPX fila for Sunnfjord Ultra
Det er allreie påmeldt 24 deltakarar etter at nettsida vår har vore aktiv i berre to dagar. De kan sjå kven som er påmelde under sida for påmelding.
Vi har oppretta nettside for Enivest Sunnfjord Ultra der du kan melde deg på. Det er lite annan informasjon på nettsida i dag, men det vil kome etterkvart som vi har noko å melde. Velkomen til Enivest Sunnfjord Ultra laurdag 10. juli 2021.
10. aug. 2020 — For dei kjem garantert til å dukke opp undervegs, sa Ruben som fekk ei god gjennomkøyring då han stilte opp i Sunnfjord Ultra, eit 53 kilometer
Sunnfjord ultra i helgen. Artig løp som starter på grus og asfalt for så å gå over i noe av det mest ekstreme terrenget jeg har prøvd å løpe, her var det alt fra masse høydemeter(ca 2000)kryssing av elver og klatring ned et fossefall på ca25 høydemeter, det gjorde det heller ikke no bedre av at det sprutregnet fra start til mål.
En liten video som gir deg eit inntrykk av Enivest AS Sunnfjord Ultra 2020. Eit villt og rått ultraløp. Foto Alf Vidar Snæland og Kim Folmer Andersen
– Når kroppen blir bra igjen etter dette løpet, så skal eg begynne å trene til neste års løp, seier Karl Martin Opseth Norbom (32). På laurdag gjekk Enivest Sunnfjord Ultra av stabelen for andre gong og blant deltakarane var Norbom. Dette var ikkje noko han hadde planlagt i lang tid, nærmare bestemt berre ei veke før sjølve løpet.
Vi har berre ei forklaring: Då sporet til GPX-fila vart laga 18. mai 2019, vart det heilt sikkert sprunge og gått litt feil her og der. Sporet vart målt til ca. 53,4 km, noko de vil sjå når de lastar ned fila. Vi sette altså distansen til 53 km.
Vi prøver på nytt! Resultatlista ligg som ei excel-fil her. Vi la den nyleg ut og fekk raskt reaksjonar. Det kan vere feil i denne, fordi enkelte har levert "moving time" og ikkje "race time". Vi har retta det vi har fått tilbakemelding om til no. Og så ventar vi til i morgon med å sende til kondis.no og DUV, den internasjonale organisasjonen som registrerer resultat frå ultraløp over heile verda. Om vi ikkje har høyrt noko før klokka 12 tysdag 14. juli, ser vi på resultatlista som endeleg.
Mykje regn og krevjande terreng gjorde ultraløpet i helga veldig krevjande. Rune Vindheim brukte over ti timar på den 53 kilometer lange turen, men er like blid.
Då det blei arrangert ultraløp i Sunnfjord for andre gong var interessa over all forventning. Den 53 kilometer lange løypa gjekk mellom Førde og Rivedal
Team Sportsmandens Terje Lyngstad er initiativtaker og primus motor for løpet som nærmer seg 100 påmeldte
11. juli er det klart for den andre versjonen av Enivest Sunnfjord Ultra. I 2019 kom ti løparar i mål i den 53 km lange løypa frå Førde til Rivedal. Ein dryg månad før løpet er det påmeldt 52 personar, og arrangøren har god tru på at rundt 100 vil delta d
Enivest Sunnfjord Ultra er først og fremst eit arrangement som skal fremje løpsglede, turglede og folkehelse. Det er fritt fram for dei som melder seg på å gjere dette til ein turmarsj, og det er muleg å delta utan tidtaking. Resultatlista er berre for de
Edna Boge Leikvoll og datteren Mailinn delte seieren i kvinneklassen i førsteutgaven av Sunnfjord Ultra. Arvid Haugen var raskest totalt og vant herreklassen.