Handlar du lokalt så får du mykje att
At det er viktig å handle lokalt er ingen klisjé. Det er det lokale næringslivet som støttar dei tiltaka vi er mest glade i, og som vi snart skal bruke igjen når pandemien er over: kunst-, kultur- og idrettsarrangement.
At det er viktig å handle lokalt er ingen klisjé.
Det er det lokale næringslivet som støttar dei tiltaka vi er mest glade i, og som vi snart skal bruke igjen når pandemien er over: kunst-, kultur- og idrettsarrangement.
Du må ikkje tru at Facebook eller Finn.no eller Amazon eller butikkane du handlar hos på nettet stiller opp med ei krone når det skal vere lilleputturnering eller danseframsyning i nabolaget.
Då er det den lokale kjøpmannen, det lokale breibandselskapet, den lokale banken og alle dei andre lokale aktørane som stiller opp. Alle som bidrog til Enivest Sunnfjord Ultra i 2020 er med på biletet nedanfor.
Hurra for næringslivet i Sunnfjord!
I fjor stilte dei opp og gjorde Enivest Sunnfjord Ultra mogleg. Vi hadde aldri klart å arrangere utan deira bidrag.
Det handlar ikkje først og fremst om pengar, sjølv om det og er viktig. Det handlar mest om bidrag i form av kompetanse, varer og tenester som vi trong: design, transport, mat, partytelt og mykje anna.
Og det handlar om verdiar, ei felles forståing om at arrangement er viktig for utviklinga av staden der vi bur, og at lokalt næringsliv er avgjerande for at denne utviklinga skal finne stad.
Endå ein gong: hurra for alle som bidrog! Vi skal få det til i år òg, i samarbeid med det beste som finst av verksemder av ymse slag i Sunnfjord.
Velkomen til Enivest Sunnfjord Ultra 10. juli 2021.