Informasjon

Last ned GPX

53km,1943 høydemeter, 19 km terreng og 14km grus.

Last ned GPX

GPX fil

Last ned zip fila ved klikk på ikonet til venstre og pakk den ut. Inneheld GPX fila for Enivest Sunnfjord Ultra.

GPX fil

Se også dette Facebook innlegget inklusiv kommentarer.

Løypeprofil

Løypeprofil

Ofte stilte spørsmål

Det finst nokre ofte stilte spørsmål, som vi svarer på nedanfor.

  1. Alle tek tida på seg sjølve. Start klokka ved start-banneren og stopp den ved mål-banneren. Oppgi tida di i timar, minutt og sekund til ein i sekretariatet så snart du kan.
  2. Alle spring på eige ansvar. Vis omsyn til natur og dyreliv. Tenk tryggleik først.
  3. Dette er eit grønt løp. Vi kastar ikkje noko i naturen.
  4. Det blir servert mat og drikke i målområdet. De kan betale med Vipps.
  5. Dette er eit punkt-til-punkt-løp. Det gir utfordringar når det gjeld logistikk og transport. De må setje dykk godt inn i geografien og finne ein måte å løyse reise og overnatting på.
  6. De bør ha med dykk følgande i sekk: vindjakke, drikke (minst ei 0,5 litersflaske el.l. som de kan fylle undervegs), mat, fulllada mobil, kontantar/kort (dersom de må bryte og treng taxi). Det er dårleg mobildekning i terrenget. Mellom Laukelandsstøylen og mål i Rivedal (frå ca. 33 km) er det svært dårleg dekning.
  7. Det er lov å bruke stavar.
  8. Utdeling av startnummer og mål- og depotposar skjer i Sentrum Sør i Førde (ved Spenst og Lorenzo) fredag 11. juli mellom klokka 17 og 19. Om du ikkje kan møte opp, prøv å få andre til å hente.
  9. Det er mogleg med tidleg start. Sei frå om kor tid de vil starte i god tid før løpet.
  10. Siste moglege målgang i Rivedal er klokka 18. Dei som trur dei bruker meir enn 9 timar må velje tidleg start.
  11. Deltakarane får utdelt to store posar som er merka med startnummer. Merkinga vil sjå slik ut: «1 Mål» og «1 Depot». Posane er store nok til å legge ein bag nedi. Den som er merka «Depot» blir frakta til grusvegen mot Laukelandsstøylen (ca. 33 km). Her kan de har sko- og klesbyte, og eventuelt ekstra mat og drikke. Det som blir lagt att i depot-posen blir frakta til mål så snart siste løpar har passert depotet. Posen merka «Mål» blir teken med til målområdet i Rivedal. Hugs å ta med posane frå målområdet når de reiser derifrå.
  12. Løypa er ikkje merka. Det er lagt ut ei gpx-fil på nettsida som de kan laste ned. De er sterkt oppmoda om å laste denne ned på klokka. Frå Laukelandsstøylen er det raudmerka. Det er pinnar med raudt på toppen eller raude prikkar og T-ar på steinar (Turistforeningen). Mange av desse er likevel ikkje godt synlege i juli, då bregner og høgt gras skuggar for merka.
  13. Dei siste 20 km er rekna som krevjande å orientere seg i.
  14. Målgang ved grendahuset i Rivedal er markert med ei stor oppblåst «målpølse» merka med Enivest.

Om de har spørsmål, kontakt oss på 909 44 027.