Vi gratulerer alle med dagen i dag, og særleg kvinnene, sidan det er dykkar dag!
Det er berre å seie hurra og takk for at Rivedal bygdelag stiller opp med kafé i målområdet i år som i fjor. Det blide og serviceinnstilte mannskapet hausta mange lovord frå deltakarane og tilreisande.
Vi vil takke alle deltakarane for at de stilte opp og laga endå ein fest frå Førde til Rivedal på laurdag. Tusen takk til sponsorane våre. Utan dykk kan vi ikkje arrangere.Datoen for neste års Enivest Sunnfjord Ultra er 8. juli. Då er det femårsjubileum, og det må vi markere.
Vi er veldig glade for at alle deltakarane under årets løp bidrog med 50 kroner til Aktiv mot kreft. Vi trur at alle bekkar små kan leie mot den store åa som på sikt kan føre til at Pusterommet på sjukehuset i Førde blir etablert. Solveig Stranden og Anja Lena Selstad, som deltok i løpet for Aktiv mot kreft, og gjennomførte løpet på imponrande vis, tok i mot gåvesjekken på vegner av organisasjonen.
Det ble seier for andre år på rad for Lars Øvrebø, og Mari Fenne fortsetter sin fine form på en grå og våt dag på Vestlandet.
Mari Fenre er vinnar kvinner
Lars Øvrebø er årets vinner i herreklassen.
Gunnar Helge Rivedal stiller ut foto med mange ulike motiv. Han kallar det blanda drops, mellom anna frå naturen i Rivedal, blomar, fjord og fjell og av ferjer. Bileta heng oppe heile dagen, og det er mogleg å kjøpe om du ønskjer det.
Vi har passert 40 påmelde i dag. Vi er om lag der vi var i fjor, då 44 fullførte løpet. Sjå kven som er med på nettsida vår.
Her er bilete av deltakarpremien, den klassiske Enivest Sunnfjord Ultra-medaljen i tre, med perler på ei snor. 2. premien til kvinner og menn er ein kniv som har namnet GT, laga ved Helle Fabrikker, ein av sponsorane våre. 3. premien er eit fat dreia av Leif Gunnarskog.
Det blir kafé i regi av Rivedal bygdelag, for deltakarar og dei som møter opp for å sjå på veteranvogn-parade, og dei som kjem for å heie på og ta i mot sine kjære i mål. Betasuppa er eksklusiv for løparane. Vi skal klare tilby mat og drikke til dei som kjem i mål etter kl 18 òg.
I dag er vi 802 medlemmer på denne gruppa. Det er heilt strålande. Dei siste to vekene har vi fått over 20 nye medlemmer. Det betyr at interessa for løpet er stort. Det er enno mogleg å melde seg på. Tips vener og kjende om å bli medlem her.
Les kva Utemagasinet.no skriv om Enivest Sunnfjord Ultra.
Ein av sponsorane våre, Fuel of Norway spanderer næring på deltakarane i form av gelar og barar. Kvar løpar får opp til tre av kvar type. I tillegg trekker vi ti drikkeflasker og ti 500 g sportsdrikke-pulver på startnummer. Tusen takk for støtta! Les meir om Fuel of Norway under fana sponsorar på nettsida vår.
Vi oppmodar alle om å følgje godt med på nettsida og oppdateringar på Facebook. Det finst nokre ofte stilte spørsmål, som vi svarer på her.
Når startskotet for Sunnfjord Ultra går i juli, kan ein få auge på ein liten ekstra detalj hos løparane: Regnboge-armband.
Vi slår eit slag for det lokale næringslivet som støttar løpet vårt. Utan desse sponsorane, som stiller opp med pengar, effektar, premiar, bilar, målportal, telt og andre varer og tenester som vi treng, så ville vi ikkje klare å arrangere dette løpet med den kvaliteten det no har fått.
Malin Frøyen Bergset er ein fantastisk ambassadør for løpet vårt. Ho deltek for tredje gong i år. Vi mistenkjer henne for å like løpet svært godt. Eitt av bevisa på det er den herlege tatoveringa på venstre overarm.
I år har vi eit nytt spennande innslag i målområdet før første deltakar er komen i mål.
Årets startnummer er på plass. Vi har 100 av dei. I år som i fjor er startnummer 82 reservert spesielt til Torbjørn Os. Han spring for Amalie i mitt hjerte. Amalie Os Mallasvik, dottera til Torbjørn, hadde dette startnummeret i det siste løpet ho deltok i.
Løypa er ikkje merka utanom siste delen i terrenget, som har T-merking frå turlaget i området. Du må sjølv orientere deg frå starten i Førde til mål i Rivedal. Vi har likevel hjelpemiddel.
Førstkomande måndag legg vi inn bestilling på fullførar- og mannskaps-t-skjorter. Vi reknar med at det blir nokre fleire deltakarar fram mot løpsstart, men om det blir fleire enn vi har bestilt t-skjorter til, vil dei som melder seg på først bli prioriterte. Velkomen til sommarens vakraste eventyr i Sunnfjord.
Her er meldinga frå Anja Lena Selstad etter at laget hennar i dag stilte i t-skjorter frå fjorårets Enivest Sunnfjord Ultra i årets Helse Førde-stafetten: «Skikkelig flinke damer! Med fem damer fordelt på seks etapper, så klinka vi jammen til med ein 6. plass av 48 lag i bedriftsklassen!
og sikre deg deltakarmedalje og fullførar t-skjorte. Det aukar på med påmelde frå dag til i dag. 34 har meldt seg på til no, berre ti færre enn deltakartalet i fjor.
I dag kom det pakke frå Aktiv mot kreft. Det er panneband, capsar, drikkeflasker og ryggsekkar som skal vere uttrekkspremiar på startnummer når deltakarane er komne i mål. Vi har i år innleia samarbeid med Aktiv mot kreft, og 50 kroner frå kvar påmelding går til organisasjonen.
Det er i dag dryge ein og ein halv månad til løpsdagen 9. juli. Vi har 28 påmelde til no, og ligg godt an i høve 2020 og i fjor, då høvesvis 88 og 44 fullførte turen mellom Førde til Rivedal.
Anja har fullført det 53 kilometer lange ultraløpet éin gong før, men det er første gong Solveig skal gjennomføre eit så langt løp. – Eg hadde uansett tenkt å stille i år, men då eg såg kva organisasjon løpet skulle fronte, gjekk telefonen rett til Solveig, seier Anja.
Ein viktig motivasjon for å delta i Enivest Sunnfjord Ultra 2022, er at løpet i år skal fronte organisasjonen Aktiv mot kreft. Aktiv mot kreft er ei privat stifting etablert av Helle Andersen og Grete Waitz i 2007.
Sunnfjord Ultra går fra Førde til Rivedal og deltakerne skal forsere ca. 2000 høydemeter i løpet av 53 km. Ca. 20 km av løper går på asfalt, 14 km på grus og 19 km i terreng. Dette er et løp som viser fram det vakreste de har av natur i Sunnfjord.
I samband med at Enivest Sunnfjord Ultra samarbeider med Aktiv mot kreft, presenterer vi to bloggar på nettsida vår.
Denne videoen frå Relive gir eit fint inntrykk av løpet. Vi er 24 påmelde til no, det same talet påmelde som vi hadde i slutten av mars i fjor. Det lovar godt.
Vi er 23 påmelde til årets løp, og no kjem jentene for fullt. 17 gutar og seks jenter har meldt seg på. Det er plass til endå fleire.
Vi har passert 20 påmelde til årets Enivest Sunnfjord Ultra. 16 menn og fire kvinner. Det er utruleg gledeleg så tidleg, knappe halvåret før løpsdagen. Vi går for deltakarrekord i år. Då er det berre 68 att som treng å melde seg på. Gå inn på nettsida vår og meld deg på. God helg!
Her finner du GPX fila for Sunnfjord Ultra
Vi er snart 750 medlemmer som kjenner til den glade galskapen Enivest Sunnfjord Ultra er. Vi kan godt bli fleire. Til no er 16 påmelde til løpet som går av stabelen om eit knapt halvår.
Vi er allereie 13 påmelde til årets Enivest Sunnfjord Ultra, eit halvår før løpsdagen. Sjekk videoen frå løpet i fjor og meld deg på på nettsida vår. Bli med på sommarens vakraste eventyr i Sunnfjord 9. juli.