Mat i mål
Rivedal bygdelag står for alt sal av mat og drikke i mål. Dei lagar lapskaus til deltakarane. Prisen er kr 120,- for lapskaus. Bygdelaget har òg kafé der du kan få kjøpt anna mat og drikke.
Betaling skjer med Vipps til 595732 når de handlar. Ingenting skal betalast på førehand. Vi oppmodar alle om å nytte det flotte tilbodet Rivedal bygdelag har i år, både deltakarar og publikum.