Påmeldingsfrist 19. juni
  • Publisert: 10.04.2021
  • Kilde: Sunnfjord Ultra

Påmeldingsfrist 19. juni

Vi er no 35 påmelde til sommarens vakraste eventyr i Sunnfjord, Enivest Sunnfjord Ultra. Med litt over tre månader att til arrangementet, trappar vi opp informasjonen på nettsida vår og på Facebook.

Følg difor godt med og still spørsmål om du lurer på noko. Dei som er påmelde får automatisk melding om betalingsinformasjon på e-post. Dei som svarer på e-post etter påmelding skal få svar seinast i løpet av neste dag.

For at vi skal klare å produsere rett tal deltakarpremiar og t-skjorter til rett tid, må vi setje frist for betalt påmelding til 19. juni.

Velkomen til den tredje utgåva av Enivest Sunnfjord Ultra 10. juli 2021!