Parkering, mat, premiar, dusj og bad m.m.
  • Publisert: 06.07.2021
  • Kilde: Sunnfjord Ultra

Parkering, mat, premiar, dusj og bad m.m.

Målgang for Enivest Sunnfjord Ultra er ved Rivedal galleri og Rivedal grendahus. Når løparane kjem i mål, er det høve til å kjøpe mat og drikke i grendahuset, der Rivedal bygdelag har kiosk/kafé.

Rivedal galleri

Rivedal galleri er ope, og ynskjer både løparar og andre besøkande velkomne innom for å sjå sommarutstillinga som har mykje å by på av biletkunst, kunsthandverk og handverk.

Omkledning, dusj og bad

I Huselen (stor kulp i elva som renn gjennom hagen) er det fint å ta seg ein dukkert etter løpet. Vi set også opp ein utedusj i nærleiken av omkledningsteltet.

T-skjorte, medalje m.m.

Løparane vil finne posar merka med startnummer i målområdet. Ein pose inneheld t-skjorte, deltakarmedalje og ei flaske med lokalt produsert Ultraøl. Depotposar vil vere å finne same stad.

Parkering

Parkering på tilviste plassar (sjå skilt). Det vil vere parkeringsvakter i området. Det er godt skilta til ulike fasilitetar.

Premieutdeling

Når dei tre beste løparane i både kvinne- og herreklassen er komne i mål vil det bli premieutdeling. Vi har også ein heil del produkt som vil bli trekte på startnummer. Det vil bli hengt opp ei liste i målområdet med kven som er dei heldige vinnarane av desse produkta, og desse kan ein få ved å ta kontakt med Terje Lyngstad, eller Oddveig Lyngstad (i Rivedal galleri).