Spenst Førde

Enivest Sunnfjord Ultra er glade for å kunne presentere Spenst Førde som ein av våre samarbeidspartnarar.

På Spenst Førde finn du dei beste tredemøllene på marknaden. Vi som likar å springe kjenner godt til desse frå før, og kan melde om at det er ei viktig årsak til framgangen vår. Vi er takksame for at Spenst Førde har lagt til rette med fantastiske fasilitetar.

Tredemølla SKILLRUN frå Technogym knuser alle forventningar til kva ei tredemølle bør og skal være. SKILLRUN er den første tredemølla som er utvikla med mål om å møte dei strengaste krava til eliteutøverar, løpeentusiastar og alle andre som elskar høgintensitetstrening.

Via sensorar i løpebåndet kan SKILLRUN gje nøyaktig BIOFEEDBACK på blant anna løpsstyrke (watt), kadens (stegfrekvens), steglengde, kontakttid med underlaget m.m.

Om du ikkje har prøvd dei nye tredemøllene hos Spenst Førde, så rår vi deg til å ta turen innom for å teste. Du får gratis prøvetime.

Startstreken til Enivest Sunnfjord Ultra er utanfor hovudinngangen til Spenst Førde i Sentrum Sør. Utdeling av startnummer vil skje der fredag 10. juli kl 17-19 og frå kl 8 løpsdagen 11. juli.