Vi gratulerer alle med dagen i dag, og særleg kvinnene, sidan det er dykkar dag!
Det er berre å seie hurra og takk for at Rivedal bygdelag stiller opp med kafé i målområdet i år som i fjor. Det blide og serviceinnstilte mannskapet hausta mange lovord frå deltakarane og tilreisande.
No er det gått ei tid sidan det våte eventyret vi var ein del av under fjorårets ultraløp. Vêrgudane var nådelause mot deltakarane denne dagen, men prestasjonen vart ikkje desto mindre imponerande for dei som tok fatt på reisa frå Sentrum Sør i Førde til endestasjonen ved Rivedal Galleri.
Dagen vi hadde førebudd oss mot kom. Veret var kaldt, det regna gjennom heile dagen, vinden over fjellet gjorde det vanskelegare å halde varmen. Den ultimate spennande løypa med sine 53 km og 2 000 høgdemeter frå Førde sentrum til Rivedal, vart ekstra utfordrande denne dagen. Vi fekk verkeleg kjenne på det å måtte hente fram det som er i oss av styrke og uthald. Det vart ein fysisk og mentalt krevjande dag.