Vi samarbeider med Rivedal Bygdelag
Enivest Sunnfjord Ultra er svært glad for at vi har fått til eit samarbeid med Rivedal Bygdelag under årets arrangement
Bygdelaget vil stå for alt av servering av mat og drikke i målområdet. Deltakarane vil få servert lapskaus når dei kjem fram, og elles få tilgang på anna mat og drikke.
Det blir kafé i grendahuset heile dagen, slik at alle som er i målområdet kan få servering. Vi kjem
attende med oversikt over kva som blir selt i kafeen, saman med prisliste. Pris for lapskaus vil òg
bli annonsert seinare.
I samarbeid med bygdelaget vil vi arbeide for å skape ein festdag i Rivedal som inneheld aktivitetar
for både store og små.