Ofte stilte spørsmål
Dryge to veker før løpet er det tid for å førebu seg. Dei fleste deltakarane er røynde ultraløparar, og mange har vore med før. Vi reknar difor med at de har kontroll på alt som har med klede, sko, mat, drikke og anna de treng for å kome dykk trygt til mål.
Vi får likevel ein del spørsmål, og desse har vi lagt ut på nettsida vår under fana Informasjon. Om de ikkje finn svar på det de lurer på, så kan de sende spørsmåla til oss i kommentarfeltet her, eller til post@sunnfjordultra.no.
I dag er det 26 påmelde, og det er enno mogleg å melde seg på. Vi tek mot påmeldingar heilt fram til dagen før løpet. Velkomen til sommarens vakraste eventyr i Sunnfjord.