ÅRETS MASKOT – JAN ROALD HAUGLAND
Sidan 2021 har vi hatt tradisjon for å utnemne ein maskot for løpet. Det er ei heidersnemning til nokon som utmerkar seg utanfor pallen, med til dømes pågangsmot og vilje utanom det vanlege eller eit engasjement som viser att.
Til no har Rune Vindheim, Tor Erik Nygård, Anja Lena Selstad og Solveig Stranden denne tittelen.
Det å vere maskot inneber ikkje anna enn at vi ønskjer å rette merksemda mot det positive løpsglede kan føre til, utanom berre det å prestere. Men eitt gode har maskoten, han eller ho treng berre å betale bidraget til Aktiv mot kreft ved påmelding seinare år.
Årets maskot er Jan Roald Haugland. Han blir snart 44 år, spring for Hell Ultraløperklubb, og var med i Enivest Sunnfjord Ultra for andre gong i år. Jan Roald kjem frå Frei på Nordmøre og har budd 20 år i og rundt Trondheim.
I fjor flytta han til Førde på grunn av kjærleiken til Bodil Johanne Øyra. Han fekk seg jobb i Norse Feedback som systemutviklar, og dei flytta inn i nyinnkjøpt hus på Øvre Fossheim. Frå eit tidlegare forhold har Jan Roald ei jente på 14 år som heiter Cleo.
Jan Roald har mange hobbyar som handlar om sport og friluftsliv, biologi, geologi og handverk, og han er veldig opptatt av lokalhistorie og metallsøking. Han har alt skaffa seg fleire bygdebøker frå området vårt, og vil nok bli synleg med søkaren rundt omkring, no når han er komen skikkeleg på plass i Sunnfjord.
Det som gjer Jan Roald si deltaking så spesiell i år, er at han like etter målgang fridde til si kjære Bodil. Det blei ei rørande stund. Då tilskodarane etter kvart forstod kva dei var vitne til, var det ikkje mange auge som var tørre.
Eit frieri er ei hending som dei aller fleste tek med seg som eit minne for livet. Når Jan Roald valde å bruke ultraløpet vårt som arena for frieriet, ønskjer vi å gi han tilbake heidersnamnet Årets Maskot, nettopp fordi han skapte ei magisk stund som vi òg vil hugse for alltid.
Gratulerer til Jan Roald Haugland med utnemninga til Årets Maskot!
Foto: Roy Sunde, Firda