Malin Frøyen Bergset - super ambassadør for Enivest Sunnfjord Ultra
  • Publisert: 27.06.2022
  • Kilde: Sunnfjord Ultra

Malin Frøyen Bergset - super ambassadør for Enivest Sunnfjord Ultra

Malin Frøyen Bergset er ein fantastisk ambassadør for løpet vårt. Ho deltek for tredje gong i år. Vi mistenkjer henne for å like løpet svært godt. Eitt av bevisa på det er den herlege tatoveringa på venstre overarm.

Malin er elles eit stort førebilete for mange. Ho har år bak seg med sjukdom, operasjonar og smerter, noko som ikkje stoppar henne frå å delta i svært krevjande løp. Denne bakgrunnen ser snarare ut til å motivere henne til å delta, alltid med godt humør og positive kommentarar. Heia og hurra for Malin! Velkomen til årets utgåve av løpet!