Veterankøyretøyparade og -utstilling i Rivedal før målgang
  • Publisert: 23.06.2022
  • Kilde: Sunnfjord Ultra

Veterankøyretøyparade og -utstilling i Rivedal før målgang

I år har vi eit nytt spennande innslag i målområdet før første deltakar er komen i mål.

Vi får oppleve ei veterankøyretøyparade som startar på Eikenes ferjekai kl 1230.

Paraden går langs gamlevegen, inn på plassen framfor gamleskulen (grendehuset), gjennom målportalen til løpet og vidare gjennom tunet på Hyllset (Rivedal Galleri) og ut att på hovudvegen (til saman 1,5-2 km).

Jarl Audun Rivedal er primus motor for paraden. Han vil kommentere køyretøya når dei passerer skulehusplassen. Dei som vil delta i paraden eller har andre spørsmål om den kan kontakte Jarl Audun på 907 86 222. I regi av Rivedal bygdelag blir det råd å få kjøpe mat og drikke under paraden og resten av dagen. Vi kjem tilbake til meir informasjon om det seinare.