Gjer deg godt kjent med løypa i god tid før løpet
  • Publisert: 21.06.2022
  • Kilde: Sunnfjord Ultra

Gjer deg godt kjent med løypa i god tid før løpet

Løypa er ikkje merka utanom siste delen i terrenget, som har T-merking frå turlaget i området. Du må sjølv orientere deg frå starten i Førde til mål i Rivedal. Vi har likevel hjelpemiddel.

Om du lastar ned gpx-fila skal du kome deg greitt frå A til Å. Vi deler i tillegg ut kart når vi deler ut startnummera. Alle som deltek må skrive under på at dei deltek på eige ansvar.