Meld deg på no
  • Publisert: 14.06.2022
  • Kilde: Sunnfjord Ultra

Meld deg på no

og sikre deg deltakarmedalje og fullførar t-skjorte. Det aukar på med påmelde frå dag til i dag. 34 har meldt seg på til no, berre ti færre enn deltakartalet i fjor.

Vi har litt bestillingstid på deltakarmedaljar og fullførar-t-skjorter, så vi oppmodar dykk om å melde dykk på før helga for å sikre dykk desse. Det mest kritiske er t-skjortene, for vi tek ikkje sjansen på å sitje att med for mange av dei etter løpet. Velkomen til sommarens vakraste eventyr i Sunnfjord.