Vi samarbeider med Aktiv mot kreft
  • Publisert: 10.06.2022
  • Kilde: Sunnfjord Ultra

Vi samarbeider med Aktiv mot kreft

I dag kom det pakke frå Aktiv mot kreft. Det er panneband, capsar, drikkeflasker og ryggsekkar som skal vere uttrekkspremiar på startnummer når deltakarane er komne i mål. Vi har i år innleia samarbeid med Aktiv mot kreft, og 50 kroner frå kvar påmelding går til organisasjonen.

Målet er at bidraget skal gå til Pusterommet, som vi håper vil bli etablert ved sjukehuset i Førde på litt sikt. Fleire deltakarar spring i år for Aktiv mot kreft, mellom dei Solveig Stranden og Anja Lena Selstad. Du kan lese meir om dei på "Ultrabloggen" på nettsida vår. Her kan du òg melde deg på og dermed bli den vesle bekken som til slutt utgjer den store åa.