Fullt trøkk fram til løpsdagen 9. juli
  • Publisert: 24.05.2022
  • Kilde: Sunnfjord Ultra

Fullt trøkk fram til løpsdagen 9. juli

Det er i dag dryge ein og ein halv månad til løpsdagen 9. juli. Vi har 28 påmelde til no, og ligg godt an i høve 2020 og i fjor, då høvesvis 88 og 44 fullførte turen mellom Førde til Rivedal.

Frå komande veke trappar vi opp informasjonen om løpet. Vi skal i år som tidlegare år lage eit fint arrangement for dei som deltar og alle andre som er med oss frå morgon til kveld. Tips vener og kjende om å melde seg på, og meld deg på sjølv. Spør oss gjerne om kva det måtte vere her på sida eller på post@sunnfjordultra.no.

Du finn informasjon om det meste kring løpet om du går inn på nettsida vår. Hjarteleg velkomen til sommarens vakraste eventyr i Sunnfjord!