Tusen takk til sponsorane våre
  • Publisert: 16.07.2021
  • Kilde: Sunnfjord Ultra

Tusen takk til sponsorane våre

Enivest Sunnfjord Ultra ville aldri nådd det nivået arrangementet er på i dag utan hjelp frå hovudsponsoren Enivest og anna lokalt næringsliv.

Det er ikkje Google, Finn eller Amazon som støttar lilleputtlaget, festivalen, skulemusikkonserten eller ultraløpet som du eller dine deltek på. Det er alltid næringslivsaktørar som held til i lokalsamfunnet der det skjer som tek på seg denne oppgåva. Om du ser på biletet nedanfor, så finn du alle dei som med eit stort smil har støtta arrangementet vårt dei to siste åra.

Om du handlar lokalt, er du med på å styrke samfunnet du bur i. Du er med på å skape verdiar for alle som bur der, og du er med på utvikle aktivitetar som er til glede for både fastbuande og tilreisande. Vi er takksame og audmjuke for at sponsorane har omfamne Enivest Sunnfjord Ultra. Kvar gong vi ber om noko får vi ja.

Vi ser fram til vidare samarbeid med alle sponsorane våre og tenkjer medvite over kvar vi handlar når vi skal kjøpe noko. Det er vår oppmoding til alle dykk som følger oss i Enivest Sunnfjord Ultra