Tidtaking - Du tek tida på deg sjølv

Vi har ikkje ressursar til å nytte avansert tidtakarutstyr i dette løpet. Vi gjer det difor enkelt og stolar på at dei som deltek er ærlege.

Alle tek si eiga tid og rapporterer ho til post@sunnfjordultra.no så raskt som mogleg etter løpet. I e-posten skal tida visast slik: Nordmann, Ola: 7.28,34. Målet er å ha klart ei komplett resultatliste seinast søndag 11. juli kl 18. Vi vil i alle høve ha oversikt over dei raskaste løparane kort tid etter målgang slik at vi kan gjennomføre premieutdeling så raskt det let seg gjere.