Årets nyvinning - Ultraøl til løparane

Kvernafossen bryggeri har laga eit spesialøl som alle løparane mottek som gåve når dei har fullført Enivest Sunnfjord Ultra. Vi har kalla årets utgåve av ølet for Mensen Ernst Ultraøl, og satsar på at dette blir ein tradisjon

Det er produsert 200 flasker, så vi skal ikkje sjå vekk frå at flaska kan bli eit samleobjekt i framtida. Du har med andre ord endå ein god grunn til å melde deg på årets utgåve av Enivest Sunnfjord Ultra. Det er framleis 20 plassar att for løparar som vil vere garantert å motta deltakarmedalje, fullførar-t-skjorte og no altså ei flaske eksklusivt ultraøl.