Viktig informasjon !
  • Publisert: 03.06.2021
  • Kilde: Sunnfjord Ultra

Viktig informasjon !

Informasjon om om løp på eige ansvar, tidtaking, utdeling av startnummer og starttidspunkt og høve til tidleg start og makstid.

LØP PÅ EIGE ANSVAR

Du må anten springe med nedlasta GPX-fil på klokka eller ha med kart som blir utdelt saman med startnummeret. GPX-fila ligg klar for nedlasting på nettsida. Du må signere eit skriv som seier at du spring på eige ansvar. Det er difor eit godt råd at du sørger for å ha ei forsikring som dekker eventuelle skader du kan bli utsett for i eit løp av denne typen.

TIDTAKING

Enivest Sunnfjord Ultra er eit lågterskelløp. Det vil m.a. seie at vi ikkje har ressursar til å skaffe oss tidtakarutstyr. Du tek tid på deg sjølv og melder tida di tilbake til arrangøren etter målgang. Tida blir meldt på post@sunnfjordultra.no seinast søndag 11. juli kl 1200. Vi stoler på at du og alle dei andre deltakarane er ærlege.

UTDELING AV STARTNUMMER

Utdeling av startnummer skjer fredag 9. juli mellom kl 1600 og kl 2000. Utdeling skjer ved løpsstart i Førde, Sentrum Sør, på treningssenteret Spenst.

NB! ALLE STARTNUMMER MÅ VERE HENTA FREDAG 9. JULI. VI HAR IKKJE KAPASITET TIL Å DELE UT STARTNUMMER VED START LAURDAG 10. JULI. OM DU IKKJE HAR HØVE TIL Å HENTE STARTNUMMERET PÅ FREDAGEN, MÅ DU AVTALE MED ANDRE OM Å HENTE STARTNUMMERET DITT, ELLER KONTAKTE ARRANGØREN I GOD TID PÅ FØREHAND OM Å FÅ DET LEVERT PÅ ANNA VIS.

STARTTIDSPUNKT OG HØVE TIL TIDLEG START

Løpet startar kl 0900 i Førde, Sentrum Sør, utanfor treningssenteret Spenst. Det er høve til tidleg start. Om du ønskjer tidleg start, kontakt arrangøren seinast fredag 9. juli under utdeling av startnummer. I 2020 var det fleire som starta tidleg, både kl 0700, kl 0730 og kl 0800.

MAKSTID

Vi har sett makstida til 13 timar, slik at vi ikkje risikerer at nokon risikerer å mørkne ute. Vi tilrår dei som trur dei bruker meir enn 10 timar å velje tidleg start.