Betalingsinformasjon
  • Publisert: 09.04.2021
  • Kilde: Sunnfjord Ultra

Betalingsinformasjon

Enkelte som har meldt seg på sender melding om at dei ikkje har motteke betalingsinformasjon, medan andre har fått det og betalt.

Her er i alle høve rett betalingsinformasjon ved påmelding:

Påmeldingsavgift kr 400,- blir betalt til Vipps nummer 654217, til Marknadsfakta forlag. Om du ikkje har Vipps, må du seie frå om det på post@sunnfjordultra.no. Då vil du få eit kontonummer å betale inn på. I alle høve merkar du betalinga med namnet ditt og ESU2021.