
VIKTIG! BOMPENGAR OG OMSYN TIL NATUREN
Det er bompengar på skogsvegen frå Laukeland mot støylen. Tidlegare år har grunneigarane registrert at folk som køyrer før løparane ikkje har respektert det. Ver så snill alle, betal bompengane. Grunneigarane er årsaka til at vi kan legge løypa her.
Det er svært viktig at vi tek omsyn til beitedyra i marka. Bandtvang for hund gjeld her som elles. Enivest Sunnfjord Ultra er eit grønt løp. Vi legg ikkje søppel att nokon stad. Ultraløparar har alltid hatt stort miljømedvit. Det skal vi vise på laurdag.
Vi ønskjer alle god tur i ein fantastisk sunnfjordnatur!