
HØG TEMPERATUR OG TIDLEG START
Vêrmeldinga lovar 18 grader og vindstille så tidleg som klokka 7 på laurdag. Deretter skal temperaturen stige til langt over 20 grader langs heile løypa.
Tenk nøye gjennom om du treng å starte tidleg, slik at du får litt ekstra tid til å gjennomføre under krevjande forhold. Samtidig må de planlegge for at depot ikkje er rigga på plass ved om lag 31 km før klokka har passert 10.
Meld frå om tidleg start når de hentar startnummeret i morgon. Det skjer ved start, mellom kafeen Lorenzo og treningssenteret Spenst mellom klokka 17 og 19. Eller de kan sende ein SMS til 909 44 027.