FIRDA MED EI LITA FØREHANDSOMTALE AV LØPET
Knappe tre månader før løpsdagen er det ni påmelde til løpet. Det er vi nøgde med, og omlag som det har vore dei siste to åra. Vi oppmodar dei som vil delta om å melde seg på før utgangen av mai.
Då blir det lettare for oss å legge planar for startnummer, t-skjorter, mat og mottak i Rivedal.
Når vi kjem til mai, vil vi legge ut meir informasjon om løpet, både her og på nettsida vår. Velkomen til sommarens vakraste eventyr i Sunnfjord! Og som det står i den ferske omtalen i Firda: "Det er berre å begynne å trene."