Livet er ikkje for pingler – Enivest Sunnfjord Ultra 2022 : Livet er ikkje for pingler
Livet er ikkje for pingler

Livet er ikkje for pingler – Enivest Sunnfjord Ultra 2022

  • Publisert: laurdag 30. juli 2022
  • Kategori: Aktiv mot kreft
  • Skrevet av: Solveig og Anja

Dagen vi hadde førebudd oss mot kom. Veret var kaldt, det regna gjennom heile dagen, vinden over fjellet gjorde det vanskelegare å halde varmen. Den ultimate spennande løypa med sine 53 km og 2 000 høgdemeter frå Førde sentrum til Rivedal, vart ekstra utfordrande denne dagen. Vi fekk verkeleg kjenne på det å måtte hente fram det som er i oss av styrke og uthald. Det vart ein fysisk og mentalt krevjande dag.

Vi dedikerte denne dagen til «Aktiv mot kreft», arbeidet for å få persontilpassa trening inn som ein del av kreftbehandling, og til å etablere Pusterommet på sjukehus i Norge. Eit mål er at Førde Sjukehus får eit slikt tilbod til sine kreftpasientar. Løpet gav i år kr 2 500,- av startkontingent til dette føremålet. Det er endå ein veg å gå før nok midlar er på plass, men alle monnar dreg. Vel så viktig er det å skape merksemd og bevisstgjering omkring dette arbeidet, og det har ein langt på veg klart gjennom årets løp og andre liknande arrangement.

Kreft er ikkje noko fjernt – det er nært. Dei fleste av oss har relasjon til nokon som har fått kreft. Nokre blir friske, og nokre tapar kampen mot sjukdomen. Solveig vart ramma som 40-åring, men er no frisk. Fleire kreftsjukdommar har betre prognosar i dag enn tidlegare, men langt frå alle vert friske. Det er framleis altfor mange som tapar denne kampen.

Sidan januar har vi i lag bygd stein på stein, for å best mogleg førebu oss til dette løpet. Som eit uønska spenningsmoment vart vi begge råka av Korona-sjukdom to-tre veker før løpsdagen, men heldigvis fekk vi rista den av oss utan noko mein. Vi har hatt tett dialog med Terje heile vegen, og hans engasjement har vore ein stor inspirasjon undervegs for oss begge. Vi ønskjer å gje ein stor applaus til han og dei han har med seg for eit løpsarrangement som vi finn godt sikra med omsyn til både kvalitet og tryggleik.

Som avslutning ønskjer vi å dele noko frå vår kvardag som sjukepleiarar. Vi har vore tett på denne pasientgruppa i alle fasar av sjukdomen, både opp- og nedturar, og med dei medisinske utfordringane som kjem i sjukdomsforløpet. Ein pasient som tidlegare utførte fysiske prestasjonar på høgt nivå, kunne i siste fase av sjukdomen seie at å gå få meter var meir utmattande enn løp han hadde delteke i. Med eit svakt smil om munnen sa han følgjande: «Livet er ikkje for pingler».

Livet er ikkje for pingler – Enivest Sunnfjord Ultra 2022 : Overrekkelse av gavesjekk
Overrekkelse av gavesjekk