TOR EIRIK NYGÅRD – ÅRETS MASKOT : Tor-Eirik Nygård
Tor-Eirik Nygård

TOR EIRIK NYGÅRD – ÅRETS MASKOT

  • Publisert: søndag 10. juli 2022
  • Kategori: Sunnfjord Ultra
  • Skrevet av: Terje Lyngstad

Vi har sidan i fjor ikkje vore i tvil om kven vi ville kåre til årets maskot for Enivest Sunnfjord Ultra, tittelen som vi reknar for å vere ei ære og som mellom anna inneber at han ved påmelding neste år berre treng å betale bidraget til Aktiv mot kreft.

Om nokon spør deg kva meistring er for noko, skal du berre svare Tor Eirik Nygård. Han deltok i Enivest Sunnfjord Ultra for tredje gong i år, og det er det tredje løpet han nokon gong har delteke i. Mantraet hans for løpet er at «53 km er langt, men det kan vere ganske kjekt.»

Tor Eirik er 36 år gamal og kjem frå Førde. Til dagleg jobbar han ved Eviny Solutions som prosjektleiar for drift og beredskap innan fiber. Han har eit arbeid med mange varierte oppgåver, men dei skjer for det meste sitjande framfor ein dataskjerm. Første gongen han var med på dette løpet var i 2020. Hovudsponsoren Enivest hadde ein konkurranse på Facebook der det var mogleg å vinne gratis deltaking. Han ante ikkje kva han gjekk til, men tenkte at dersom han vann konkurransen, så skulle han jammen delta. 

Av alle konkurransar Tor Eirik har vore med på, kom han altså til å vinne denne, og då måtte han berre melde seg på. Kona hans hadde lita tru på prosjektet og lurte på kva i alle dagar mannen hennar hadde i eit ultraløp å gjere. Det store målet var berre å komme heilskinna fram. Han hadde null treningsgrunnlag og det var berre viljen til å fullføre som heldt han gåande. Det høyrer med til historia at han lurte med seg ein kamerat til å delta òg. 

Tor Eirik er sikker på at det var ingen som hadde trua på at han skulle fullføre det første året, bortsett frå han sjølv, og han må ærleg innrømme at han ikkje følte at han høyrde heime i eit slikt løp. Likevel angra han ikkje eit sekund på at han blei med. Han kan framleis kjenne på denne kjensla, å ikkje heilt føle at han høyrer heime i eit ultraløp, men han vil ikkje la den tanken vinne, for å då føler han at han ikkje kjem nokon veg. 

For Tor Eirik blei det å delta i Enivest Sunnfjord Ultra òg byrjinga på ei ny reise etter å ha vore i ei bilulykke i starten av 2019. Han sleit lenge med smerter i ryggen, nakken og skuldrane, noko han framleis gjer, men han syntest synd i seg sjølv, og let smertene styre meir enn dei burde. Dei fekk i stor grad avgjere kva han kunne og ikkje kunne gjere, og han var generelt langt nede. 

Så det heile var nervepirrande då han stod på startstreken i sekstida om morgonen. Dei to kameratane la opp til eit stopp i midten av løypa, der dei hadde sett opp ein bil, slik at dei kunne skifte klede og slappe litt av før dei tok fatt på siste halvdelen. Då dei kom til fjelletappen var det som å møte ein vegg, og derifrå gjekk resten av løpet på rein vilje. Tor Eirik hugsar knapt eitt minutt frå denne delen, forutan at han er sikker på at han banna ein god del. Kameraten filma han på eit tidspunkt der han svor på å ta det meste av dage. Men han kom seg til mål etter rundt 13 timar og 30 minutt. 

Den største forandringa Tor Eirik merka frå første til andre året, var at han ikkje gjekk beint på halvanna veke etter løpet. Han gjekk knapt over golvet heime, og kom seg så vidt opp og ned trappa. Det andre året gjekk han derimot tur kvar dag etter løpet, og trappa var inga hindring. Han er naturlegvis spent på korleis tilstanden blir i dagane og vekene etter årets løp.

I 2021 var det store målet å klare løpet på under ti timar, men fokuset skifta til berre å fullføre, mest fordi han denne gongen ikkje fekk med seg kjentfolk på turen. Med litt meir treningsgrunnlag i to-tre månader med fokus på kondisjon, så klarte han å kome i mål på litt over 11 timar og 30 minutt, eit forbetring på rundt to timar frå året før.

Det er særleg to utfordringar Tor Eirik slit med under løpet. Den første er å klare å få i seg mat. Den andre er å forsere fjelletappen, som han berre har gitt namnet «Det store monsteret». Det er tungt og energitappande for ein over 100 kilo tung kropp å kome gjennom ulendt og myrete terreng, men desto deilegare å kome i mål.

Sjølv om Tor Eirik var den første til å melde seg på årets utgåve av løpet, var ikkje motivasjonen på topp i år. Men motivasjon eller ikkje, så gledde han seg, både til sjølve løpet og kjensla han visste han ville få i kroppen etter å ha fullført eit slikt løp. Han skildrar det som pur glede, som om ein ikkje kan tru kva kroppen kan klare, ei rett og slett euforisk kjensle. 

Etter tre løp er Enivest Sunnfjord Ultra blitt ei årleg oppleving for Tor Eirik, ein årleg sjekk om at helsa er på plass, ein årleg milepæl, ein årleg vekkar om at han er i live, ei oppleving for ein ekte sofagris. Og ein vekkar om at du uansett grunnlag har ein kropp som kan tole det mest utrulege. 

Treningsgrunnlaget i år var ikkje det beste, og Tor Eirik ser på seg sjølv som ein som periodetrenar. Han kan vere flink nokre månader, men så går han litt lei. Så kan det gå litt tid før han får lysta til å trene igjen. Han byrja litt i desember i fjor, og hadde ein god del kondisjonstrening på mølle. Så vart han smitta av korona i februar, og mista mykje av det han hadde bygd opp. I april byrja han å trene litt styrke, med kondisjonsdagar mellom øktene, og dei siste månadene før løpet har han hatt fire til seks økter i veka. 

Tor Eirik ser på seg sjølv som beskjeden fyr, ein som liker best å gå litt under radaren. Han har kvart år starta løpet før alle andre, for ikkje å kome for seint i mål, noko han valde å gjere i år òg. Han er eit veldig positivt menneske og eit innslag som vi som arrangerer set svært stor pris på. Han hevdar at dersom ein godt under middels trena sofagris kan fullføre dette fantastiske eventyrløpet, så kan kven som helst klare det. Den største konkurrenten til Tor Eirik heiter Tor Eirik, ein konkurrent som kjenner alle måla hans og difor veit kva som skal til for å vinne, over seg sjølv.

Målet for i år var endå ein gong å fullføre, med eit bonusmål om å komme i nærleiken av ti timar. Tor Eirik kom i mål på 11:55:11. Vi gratulerer meg flott innsats og utnemninga som årets maskot for Enivest Sunnfjord Ultra.