Rune Vindheim - løpets maskot : Rune Vindheim
Rune Vindheim

Rune Vindheim - løpets maskot

  • Publisert: søndag 29. mai 2022
  • Kategori: Sunnfjord Ultra
  • Skrevet av: Rune Vindheim

Rune Vindheim er for mange først og fremst kjend som fotballspelar og trenar, med ei karriere som få andre frå Sogn og Fjordane kan vise til. Han har spelt for norske klubbar som Førde, Brann, Åsane, Sogndal, Fana og Haugesund, og dei engelske klubbane Burnley og Hartlepool. Han har dessutan vore trenar for Fana. I dag jobbar han i organisasjonen Fana Arena.

I 2016 vart Rune utsett for eit alvorleg traume som sette han heilt ut av spel i lang tid. Rune har sidan ulykka kjempa for å kome seg tilbake til kvardagen, og i år skal han springe Enivest Sunnfjord Ultra for fjerde gong. Rune trenar hardt fleire gongar i veka og har eit variert treningsprogram med både sykling, løping, fjellturar og styrketrening på treningsstudio. Rune har delteke på fleire halvmaraton som blant annet Maratonkarusellen i Fana og Bergen City Marathon. Han har òg sykla lange sykkelritt som Bergen-Voss og Voss-Geilo, og i 2018 sykla han Trondheim-Oslo.

Rune er takksam for god støtte og mange treningstimar med treningsmentorane sine, brørne Bjarte og Edvard Reed. Dei introduserte han for sykkelsporten etter traumet, og det har blitt mange lange treningstimar på sykkelen dei siste åra. Bjarte og Edvard spring òg Enivest Sunnfjord Ultra for fjerde gong i år.

Syklinga gir ei enorm fridomskjensle, noko som er svært viktig for Rune. Fleire gongar i året reiser trioen til Gran Canaria for eigenproduserte treningsleirar. Her er det sykling, løping, fjellturar og symjing som er i fokus ei heil veke av gongen, og dei trenar gjerne fleire gongar for dagen. Dette er balsam for sjel og kropp, sjølv om det òg er utmattande både fysisk og psykisk..

Rune vart i fjor kåra til Enivest Sunnfjord Ultra sin første «Maskot», for pågangsmotet og styrken han har vist i løpet frå første stund. Han lever opp til tittelen til det fulle. Rune går alltid «all in» og gir aldri opp når det gjeld trening og mål han set seg. Beina går som trommestikker i løp, og han har eit uthald dei fleste kan misunne han. Sjølv om det er tungt både fysisk og psykisk i den 53 km lange løypa i Enivest Sunnfjord Ultra, har Rune ein styrke som ber han gjennom skog og fjell, på grusveg, asfalt og det svært ujamne terrenget i sluttpartiet.

Rune seier at det ikkje er så lett å følge med på den flotte naturen når han spring, sidan han han må halde fokus på å konsentrere seg om kvar han set føtene. Med det traumet Rune har bak seg er det ein stor prestasjon å delta i eit løp med ei såpass utfordrande løype som Enivest Sunnfjord Ultra. Men det går betre for kvart løp han deltek i, og dette løpet er viktig for Rune. Han fortel at det gir ei enorm lykkekjensle å meistre å gjennomføre år etter år, sjølv om han er sliten i lang tid etterpå.