Løpsdatoen nærmar seg - god trening til alle : Biletet her er frå skituren til fjellet Fingeren i Sunnmørsalpane
Biletet her er frå skituren til fjellet Fingeren i Sunnmørsalpane

Løpsdatoen nærmar seg - god trening til alle

  • Publisert: søndag 29. mai 2022
  • Kategori: Aktiv mot kreft
  • Skrevet av: Solveig og Anja

Vi skriv juni månad no, og det nærmar seg datoen for løpet. Sidan sist har den eine i løparduoen vore – som resten av landet – utsett for langvarig virusangrep, som har gjeve utfordringar for kontinuiteten i treninga. Vi er no på plass begge to, så no jobbar vi målretta fram mot løpsdagen.

Framover vil fokuset ligge på tal kilometer på asfalt, intervall-trening og styrketrening. Styrketreninga vil vere konsentrert om kjerne-muskulaturen, men med eit ekstra blikk på å styrke mage/rygg med tanke på dei timane ein skal vere i aktivitet og den tida ein skal springe.

For å halde oss frie for skade og overbelastningar prioriterer vi å trene variert. Ingen treningsøkter er like, og vi varierer intensiteten. Anja Lena har i fleire år vore fast på intervall-treninga på Spenst som er leia av Kristian Tjønneland, og det siste halvåret har Solveig delteke òg. Denne timen finn vi veldig inspirerande, og det på fleire måtar. Timen er sett saman av lange og korte intervall og Kristian har det same programmet i om lag fem-seks veker før han endrar det. Vi er ein nokolunde fast gjeng som deltek. Kristian vert bra kjend med oss, og han bidreg godt til at kvar enkelt av oss utviklar oss som løparar – utifrå den enkelte sitt utgangspunkt. Han bidreg òg til at vi tek ut det vesle ekstra på treningane – gjerne meir enn det vi ville gjort om vi hadde gjort økta aleine.

Når det kjem til styrketrening så er tilnærminga vår noko ulik. Anja Lena vel saltrening og eigentrening på Spenst, medan Solveig trivst aller best i cross fit-boksen. Måla vert nådd for oss begge, og det er viktig at vi finn arenaer som vi trivst godt med – sidan vi investerer såpass mykje tid til trening og aktivitet. Det er samstundes viktig å seie at dette er ein livsstil for oss, og tida vi investerer gjev det triple tilbake i glede, overskot og energi.

Tida er knapp, og dagane går fort. I kvardags-jaget er det samstundes viktig – kanskje meir enn nokon gong - å stoppe opp, ta ein «time-out» og ta pulsen på livet. Det er mange måtar å gjere det på, men ein høgt verdsett måte for oss er når vi kan spenne på oss ski (randonne), ta med turutstyret og komme oss ut i naturen og helst opp i fjellheimen. På denne måten hentar vi mykje positiv energi og glede. Biletet her er frå skituren til fjellet Fingeren i Sunnmørsalpane, der vi var 16. mai i år. 

Løpsdatoen nærmar seg - god trening til alle : Biletet her er frå skituren til fjellet Fingeren i Sunnmørsalpane
Biletet her er frå skituren til fjellet Fingeren i Sunnmørsalpane