Grip dagen :

Grip dagen

  • Publisert: måndag 14. mars 2022
  • Kategori: Aktiv mot kreft
  • Skrevet av: Solveig og Anja

Vi skriv no mars månad. Det er komen ei ny stjerne på himmelen. Ein kjær kollega over mange år, måtte gje tapt i kampen mot kreftsjukdom. Ho levde med sjukdom i den tilmålte tida legane gav henne - ni månader.

På nytt får vi ei påminning om kor skjørt livet er. Det er små marginar som skil livet frå døden. Livet set oss på store prøvingar, der vi må finne styrke når vi kjenner oss svake - og det er ein styrke og vise svakheit. 

Med dette som bakteppe for innlegget denne månaden, er det ei viktig påminning for oss sjølve og andre - kvifor ein legg ned mykje tid til fysisk aktivitet og harde treningsøkter. Jo, vi veit, at gjennom eigne erfaringar og forsking omkring emnet, kjenner vi oss sterkare fysisk og psykisk, vi står sterkare mot sjukdom og vi vil tole sjukdom og tøffe behandlingar betre.

Kva har vi gjort sidan sist innlegg? Vi trenar like allsidig som vi har gjort. Dette er viktig for at vi skal halde oss skadefri, samstundes som vi styrkar både store og små muskelgrupper. Vi varierer på intensitet og varigheit. Talet økter ligg på fem-seks i veka. Det er òg viktig å gje kroppen restitusjon. Ein dag med restitusjon kan vere ei to timars økt i klatrehallen på Vie, eller ei økt med yoga. Eller rett og slett avslapping.

Den største skilnaden frå månad til månad vil være lengda på dei lange øktene med joggesko - anten det er utandørs eller på tredemølla på Spenst. Vi vil ha fokus på å auke desse frå månad til månad, og ligg no på 15 km som langøkt. Eit godt bidrag på vegen mot god styrke og oppøving i fart , er å vie tid til intervall-trening. Kvar torsdag følger vi Spenst sin time, med Kristian Tjønneland som stødig og motiverande instruktør. All mogleg takk til hans oppfølging og inspirasjon. Her får vi høve til å bli endå bedre løparar!

Grip dagen, alle der ute - set ikkje noko på vent!