Solveig og Anja spring for Aktiv Mot Kreft i år : Solveig pustar letta ut, for turen til Afrika som ho og Anja hadde bestilt gjennom Jarle Trå for å bestige Kilimanjaro kunne gå som planlagt.
Solveig pustar letta ut, for turen til Afrika som ho og Anja hadde bestilt gjennom Jarle Trå for å bestige Kilimanjaro kunne gå som planlagt.

Solveig og Anja spring for Aktiv Mot Kreft i år

  • Publisert: torsdag 10. februar 2022
  • Kategori: Aktiv mot kreft
  • Skrevet av: Solveig og Anja

Ein viktig motivasjon for å delta i Enivest Sunnfjord Ultra 2022, er at løpet i år skal fronte organisasjonen Aktiv mot kreft. Aktiv mot kreft er ei privat stifting etablert av Helle Andersen og Grete Waitz i 2007.

Først vil vi komme med eit tilbakeblikk. Vi skriv august 2011. Ein stor kul i brystet vert oppdaga hos Solveig. Etter rutinemessige undersøkingar vert det konstatert at kulen er godarta. Solveig pustar letta ut, for turen til Afrika som ho og Anja hadde bestilt gjennom Jarle Trå for å bestige Kilimanjaro kunne gå som planlagt. Kulen gav noko ubehag og smerter, så Solveig ønskte å fjerne han kirurgisk. Legen roa Solveig ned med at det ikkje var naudsynt, men så vart gjort i mars 2012. Standard prosedyre er å ta prøve av vevsmateriale i kulen, og prøvesvaret viste at Solveig hadde cancer mammae. Resten av 2012 vart sett av til brystbevarande kirurgi, åtte cellegiftkurar og fem veker stråling på Haukeland Universtitetssykehus.

Kreft kan ramme ved familiær opphoping, livsstil kan vere risikofaktor, men ofte er det ein ukjent faktor. Sistnemnde faktor var gjeldande i Solveig sitt høve.

Trening og fysisk aktivitet har alltid vore ein sentral del av livet både for Solveig og Anja Lena – men for å kunne stå sterk i den tøffe behandlinga vart det og ein viktig strategi for å halde seg sterk lengst mogleg – ikkje minst i hovudet. Det er ikkje berre at ein sjølv har fått ein alvorleg diagnose, men ein har nære rundt seg som vert ramma. I Solveigs høve var alderen til ungane sju, åtte og 18 år. Etterkvart i behandlinga merka Solveig at det tok meir og meir på kroppen. Frå dag ein var det viktig for henne å vere i aktivitet, og å nytta ulike arenaer for det, på Spenst, fjellturar, skiturar, gåturar med hunden (dersom dagen ikkje var den beste). I denne prosessen var venninna Anja Lena der som ein ubetaleleg støtte og motivator. Mellom anna tok ho med Solveig på eit nytt fjell kvar veke.

-Vi deltok i fleire løp der vi fronta Aktiv mot kreft (Florø Maraton-Rett Vest, Jølster Maraton, Esefjorden Rundt og motbakkeløpet Førde Opp.). Vi samla endåtil inn fleire tusen kroner som skulle gå til å opprette pusterom på sjukehus for kreftsjuke pasientar.

-I denne samanheng har vi ikkje lyst til å fokusere på omgrepet trening, men heller det å vere fysisk aktiv. Vi er ulike, vi har ulikt utgangspunkt og vi toler tøffe behandlingar ulikt. Det er ikkje sjeldan at ein får seinkomplikasjonar (t.d. fatigue) som kan gje avgrensingar for kva ein både orkar og er i stand til. Ei oppmoding til kreftsjuke er å avklare moglegheiter og avgrensingar for fysisk aktivitet med behandlande lege.  Den fysiske aktiviteten vil avhenge av kva type behandling ein får, og vil variere med dagsform og dei ulike fasane i sjukdomsbildet. Mange vil ha ei generell sjukdomskjensle i kroppen under kreftbehandlinga, og det er det viktig å ta omsyn til. 

Tida går og dette er no ti år sidan. Korleis har denne tida vore? Oppfølginga frå helsevesenet har vore grundig og fram til no har det ikkje vore teikn til tilbakefall av sjukdom. Den første tida etter behandling var noko prega av ulike betennelsestilstandar på ulike stader på kroppen. Desse gav seg etterkvart. Det livet vi kjenner innanfor trening og fysisk aktivitet har vi halde på med i same takt, og vi har etterkvart utfordra oss på endå fleire arenaer. For oss handlar det om å investere i fysisk og psykisk styrke som gjev oss eit godt overskot og som bidreg til god helse. Ein vil i tillegg stå sterkare den dagen sjukdom rår. Vi håper at dette kan vere ein motivasjon til dei som anten er ramma av kreftsjukdom eller har ein kronisk sjukdom, der fysisk aktivitet vil kunne bidra til å kjenne seg sterkare – eller gjere dagen betre.

I tida framover vil vi fortelje om våre førebuingar fram mot 9. juli i form tekst og bilete. I stor grad fortset vi treningane våre med same intensitet og styrke, men utover våren vert fokuset lagt på talet kilometer med joggesko. Inntil vidare – ha ei god tren

Solveig og Anja spring for Aktiv Mot Kreft i år : Frå dag ein var det viktig for henne å vere i aktivitet, og å nytta ulike arenaer for det, på Spenst, fjellturar, skiturar, gåturar med hunden
Frå dag ein var det viktig for henne å vere i aktivitet, og å nytta ulike arenaer for det, på Spenst, fjellturar, skiturar, gåturar med hunden