Applaus til alle verdas damer på kvinnedagen
No er det gått ei tid sidan det våte eventyret vi var ein del av under fjorårets ultraløp. Vêrgudane var nådelause mot deltakarane denne dagen, men prestasjonen vart ikkje desto mindre imponerande for dei som tok fatt på reisa frå Sentrum Sør i Førde til endestasjonen ved Rivedal Galleri.
Vi let oss ikkje stoppe av korkje låg temperatur eller stor vassføring, og vil fortsette der vi slapp i fjor. Vi vil på nytt starte reisa frå Førde og bere med oss kampen for kreftsaka gjennom kvart steg vi tek heile vegen til Rivedal. Saka er like viktig for oss og kampviljen er like sterk. Akkurat denne dagen dedikerer vi all vår treningsvilje, vårt engasjement, vår heilt unike rå vilje til å vise det gjennom akkurat dette løpet.
Det å vere i aktivitet, ha lange treningsøkter, ha harde økter - det å vere ein tur nede i den mykje omtala «kjellaren», er vi vel vande med. Det å sette seg i posisjon til å gjennomføre eit ultraløp på ein god måte krev ein gjennomtenkt plan for treninga over tid. Vi har halde fram med målretta trening. Vår trening inneber at vi trener variert. Vi trener styrke, vi driv løpetrening – gjennom lange økter og intervall, har innslag av yoga og er med på saltrening. Vi fokuserer på å styrke heile kroppen, og varierer kva muskelgruppe vi trener. På den måten unngår vi overbelastning og skade, og heile kroppen er rusta til å vere i anstrengande og krevjande aktivitet i fleire timar – utan at vi treng særleg lang tid etter løpet for å restituere oss.
Dersom vi skal trekke fram noko som er nytt sidan sist, så er det «Indoor Running»-timane til Øyvind Aastad Kjøs på Spenst. Han tok over intervalltimar på mølle på seinhausten i fjor. Desse timane er nøye sett saman – både med tanke på anaerob og aerob trening, og bidreg til at vi som deltek - veke etter veke, klarer å hente ut det som bur i oss, for dermed å bli betre løparar. Øyvind pushar og heiar, og er ein verkeleg inspirasjon for at vi skal kunne bli endå betre og endå sterkare.
Akkurat i dag, fire månader før startskotet går, vil vi gje alle verdens damer som på ulike vis
er ei stor inspirasjonskjelde, ein velfortent applaus.
Anja Lena Selstad & Solveig Stranden