Berge & Co

Leverandør av kvalitet i meir enn 65 år

Berge & Co har som mål ha dei beste produkta, yte den beste servicen og ha dei kjekkaste kundane. Som leverandør av Volkswagen, Audi, Skoda og Volkswagen nyttekøyretøy har dei distriktets beste modellutval, og bruktbilutvalet er til ei kvar tid stort.

Sidan Berge & Co er lokalisert i Førde, Sogndal, Stryn, Ørsta, Florø og Måløy, er det aldri langt til næraste sals- eller servicepunkt.

Elektriske bilar er «hot» om dagen. Først bana Audi e-tron og e-Golf veg for den elektriske reisa. No er det Volkswagen ID.3 og ID.4, Skoda Enyaq og Audi Q4 e-tron som er dei mest etterspurte modellane. Med det breie modellutvalet Berge & Co kan levere, er det få grunnar til å gå andre plassar for å handle bil.

Og berre så det er nemnt: Berge & Co sel framleis fossildrivne bilar, i tilfelle det skulle passe betre for deg.

Det er sjølvsagt Berge & Co, som med deira nyttekøyretøy, sørger for at deltakarane under Enivest Sunnfjord Ultra får transportert alt dei treng frå Førde til depot og vidare til mål.