Fjordprofil

FjordProfil AS er leverandør av profilartiklar til bedrifter, lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane.

FjordProfil AS har innkjøpsavtalar med dei fleste leverandørar til profilbransjen, og skaffar både profilklede og andre profilartiklar, som reklameartiklar/giveaways, firmagåver og messeutstyr. Dei skaffar òg transfermerke/logomerke og trykker dei på klede.

Om du ønskjer t-skjorter med eigne tekstar på, så fiksar Fjordprofil AS det. Med eiga capspresse kan dei levere capsar med logotrykk, òg i små kvantum. Kleda blir skaffa frå kjende merkevarer som Craft, Clique, James&Harvest, Cutter&Buck, You, Tracker, St. Louis, Elevate og Fruit of the Loom.

Typisk messeutstyr kan vere beachflagg, banner, roll-ups, messseveggar, messebord, brosjyrestativ og messetelt. Andre populære profilartiklar/reklameartiklar er: paraplyar, ryggsekkar, bagar, pennar, krus, termosar, drikkeflasker, refleksprodukt, ladebankar, høgtalarar, sjokolade, drops m.m.

Glas, krystall, elektronikk, verktøy er andre typar firmagåver. FjordProfil AS leverer òg premiar, som pokaler, medaljar, glas. Her kan du òg få med graverte plater eller klistremerker. Du kan òg få hjelp til grafisk design, skilt og dekor, klistremerke, o.l. Her har FjordProfil AS fleire samarbeidspartnarar som leverer gode produkt.

Kort sagt: FjordProfil AS kan levere det meste du kan tenke deg å setje namnet ditt på! Ta gjerne ein tur innom kontoret for ein prat og ein kikk på utstillinga. Besøk gjerne Facebooksida, eller den nye heimesida på www.fjordprofil.no . Her finn du det meste av det dei kan skaffe.

Fjordprofil er no også blitt med i Nordens største profilkjede, New Wave Profile.