Indre Sunnfjord Turlag

Indre Sunnfjord Turlag er eit turlag i DNT-familien som organiserer medlemmer i kommunane Askvoll, Fjaler og Sunnfjord.

Turlaget har om lag 2 000 medlemmer og har i 50 år arrangert turar for medlemmane og andre, for det  meste i eigne kommunar, men òg andre stader i landet.

Turlaget har tre hytter, Massbu vest for Bygstad og Nipebu aust for Stongfjorden, begge mellom  Førdefjorden og Dalsfjorden, og Longevasshytta mellom Jølster og Naustdal. Løypa til Enivest Sunnfjord Ultra passerer begge dei to førstnemnde hyttene. Før løpet i 2020 vart det gjennomført ny merking av den delen av løypa som går i terrenget mellom Laukelandsstøylen og Nipebu.

Dei seinare åra har merking og rydding av stiar vore meir og meir etterspurt av medlemmane og andre turgåarar. Folk ynskjer å gå meir tur på eiga hand. At stiane blir brukt mykje er viktig for å halde vegetasjonen nede, og turgåarane kan lettare finne fram på godt opptrakka stiar.

Samarbeid med Enivest Sunnfjord Ultra er ein glimrande måte å få meir aktivitet på stiane, spesielt i det flotte turområdet mellom Dalsfjorden og Førdefjorden. Indre Sunnfjord Turlag oppmodar turgåarar om ta turen frå Laukeland til Rivedal, eller ein kortare tur i området 10. juli, for å sjå på og heie på dei som er litt sprekare enn gjennomsnittet av befolkninga. Turlaget ynskjer Enivest Sunnfjord Ultra lukke til med løpet og aktivitetane i Rivedal etter løpet.