Helle Fabrikker

For Helle Fabrikker betyr kvalitet tett kontakt mellom menneske og maskin. Sidan 1932 har Helle produsert kvalitetsknivar og bestikk for ein internasjonal marknad frå Holmedal.

Frå stålet, treverket og læret kjem inn døra til ferdig kniv blir alt gjort etter dei prinsippa som Helle alltid har produsert etter: eit sterkt fokus på kvalitet og individualitet. Desse prinsippa går hand i hand hjå Helle  ein Hellekniv er ikkje lik ein anna, men forma av dei menneska som handterer og lagar den.

Omvising og lagerutsal:
Du kan sjå dette samspelet i praksis hjå oss. Vi arrangerer omvising for grupper etter førespurnad, og lagerutsalet er ope kvar måndag til fredag frå 09:30 til 15:00. Tinging på førehand er naudsynt for omvising.