Enivest
Vi er glade for å kunne presentere Enivest som vår hovedsponsor.
Elektroniske kommunikasjonsnett (fast- og mobilt breiband) og -tenester er grunnmuren i det digitaliserte samfunnet, og Enivest er ein del av den. Vi leverer breiband basert på fiber til i overkant av 22.000 privatkundar og 2.000 bedriftslinjer. Over 80 prosent av privatkundane våre har aksess via fiber, andre har aksess gjennom alternativ teknologi. I tillegg til breiband leverer vi tenester som TV- og strøymetenester frå Telia, telefoni- og WiFi-løysingar til både privat- og bedriftskundar.
Regional utvikling - eit meir attraktivt bu- og arbeidsområde
Det opphavlege oppdraget til Enivest, var å gje alle eit tilbod om internett. I dag har vi som mål å kunne tilby alle høghastigheitsbreiband, eller rettar sagt fiber. Tilgangen til fiber er blitt ein føresetnad for å levere stabile og gode tenester.
Vi leverer fiber i små grender, der ingen skulle tru at det var mogleg. Det får vi til gjennom godt samarbeid med det offentlege, grendelag og lokale eldsjeler. Enivest ser menneska og behova deira, og strekkjer oss ofte lenger enn andre større aktørar utan lokal forankring. Dette er også ein del av samfunnsengasjementet vårt, og bidreg til å motverke eit digitalt klasseskilje mellom distrikta og byane.
Dei siste åra har vi hatt høgt trykk på fiberutbygging. Vi vil fortsette å stå på for at endå fleire i nedslagsfeltet vårt skal få tilgang til høghastigheitsbreiband. Ved å knyte menneske, utvikling og næringsliv saman, bidreg vi til at det blir meir attraktivt å bu og flytte til regionen.
Næringsutvikling og utdanning
Enivest bidreg også til regional utvikling innanfor område som ikkje er direkte knytt opp til kjerneverksemda. Enivest er deltakar i Framtidsfylket sitt trainee-program, som er eit samarbeidsprosjekt mellom dei største næringsaktørane i fylket. På nasjonalt nivå er vi medlem av IKT-Norge, der vi aktivt bidreg i Breibandsforum og Fiberforeningen.
Vi engasjerer oss aktivt i samfunnsutviklinga i nedslagsfeltet vårt gjennom både sponsing og engasjement for ulike samfunnsnyttige initiativ. Mellom anna er vi med i arbeidsgruppa RekrutterING, der næringslivet støttar IT- og teknologiutdanning i regionen. Vi er medlem av IT-Forum Vest som er ein viktig pådrivar innanfor breiband, digitalisering, oppvekst og utdanning.
Sponsorverksemda – eit viktig satsingsområde
Sidan 2001 har vi sponsa kultur- og idrettsarrangement i regionen vår med millionar. Ved å støtte gode prosjekt med pengar eller tenester, er vi med å bidra til aktivitet og treningsglede. Sponsoravtalar og prosjektdeltaking gjer oss synlege i slalåmbakkar, på festivalar, under idrettsarrangement og på lokale- og regionale møteplassar. Vi støttar blant anna Sogn og Fjordane Fotballkrets, Enivest skiskule, Førde og Florø volleyballklubb, Breimsbygda IL, STIL fotball, Jølster skisenter, Malakoff, VestLAN og mykje meir. Stikkord for våre bidrag er mangfald, trivsel og nyskaping.
Gir tilbake
Innsatsen vår gjev verdiskaping i form av viktige kompetansearbeidsplassar, oppdrag til næringslivet og ikkje minst verdi tilbake til eigarane. Vi har rundt 60 tilsette med hovudkontor i Førde, avdelingskontor på Sandane og Peak Space i Florø. I 2021 omsette bedrifta for 210 millionar kroner. I tillegg bidreg Enivest til offentleg velferd i form av skattar og avgifter, samt kjøp av varer og tenester regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Vi støttar bu og arbeidsmarknadsregionane våre, og du gjer det same om du vel å bli kunde hos oss.