Førde Naprapatklinikk
Sunnfjord Ultra er glade for å kunne presentere Førde Naprapatklinikk som ein av våre samarbeidspartnarar.
Ole Petter Paulen starta Førde Muskel -og Leddklinikk i januar 1999 og var den første naprapaten i Sogn og Fjordane. I 2005 endra han bedriftsnamnet til Førde Naprapatklinikk.
Frå starten av har interessa for faget ført til fleire utdanningar og kurs, der Paulen har opparbeidd seg eit breidt nettverk av naprapatar, kiropraktorar, ostiopatar, akupuntørar m.fl. Det har gjeve solid erfaring og høg kompetanse på spesifikk nakkebehandling.
Paulen har sitt spesialfelt i HIO («Hole in one») og Atlasteknikken, teknikkar de kan lese meir om på nettsida til Førde Naprapatklinikk. Før Paulen tok til på utdanninga for å bli naprapat, var han sjølv aktiv innan ulike idrettar. Han har idrettsfagleg bakgrunn og har hatt fleire ulike trenarverv.
Terje Lyngstad, initiativtakaren til Sunnfjord Ultra, har gjennom heile løpskarrieren hatt tett dialog med Førde Naprapatklinikk, og har ved fleire høve blitt behandla når musklar og ledd ikkje har spelt heilt på lag. Det har ført til gode resultat, i form av rask rehabilitering, og det har truleg òg hatt god førebyggande effekt.