Galleriet er eigd og drive av Oddveig Lyngstad. I Rivedal galleri finn du trerelieff, måleri, grafikk, smykke, dørskilt i tre, keramikk, glas, tekstilar m.m.
Les meir...
Jytte Karin Eikenes, fødd 1968, oppvaksen og busett i Høyanger, med røtene sine frå Holmedal og København. Ho har alltid teikna og uttrykt seg kreativt, starta for alvor å male i 2004, og har atelier i heimane i Høyanger, Holmedal og Paris.
Les meirInger har vore illustratør og medforfattar på fleire læreverk for grunnskulen og skapt figurar som er kjende for mange norske barn. Til dømes Felix Fabula, Kråka Kry, Den nervøse Frynsa, Rilæx, Prikken og Stripa, Forske og Filosofen, Vott Flott og Lure Lue, Elefantungen Even, Lillefanten og Bestefanten.
Har frå 1975 vore frilansar med vekt på bokillustrasjon.
Les meirTordis har teikna heilt frå ho var lita. Ho vaks opp med ei mor som malte, og har nok fått mykje av interessen frå henne. Ho byrja for alvor med maling på byrjinga av 80 – talet, og har vore innom både akvarell- og akrylmaling. Akrylmaling er eit medium ho trivst godt med, så siste åra er det dette ho har halde på med.
Les meirHege Ullensvang høyrer heime i Arna, har utdanning som faglærar i design, kunst og handverk, og vil vise fram arbeid i mange ulike storleikar og teknikkar, frå små silketrykk til større collagar og akrylmaleri, alle med ein tydeleg signatur, der kvar linje og flate er nøye organisert og plassert på lerretet eller papiret.
Les meirEdith Tvedt er busett i Sogndal, ho er utdanna keramiker, og vil stille ut dei særeigne og skulpturelle bruksformene sine og nokre tusjteikningar og collagar.
Les meir
Trud brukar alltid reelle stader og motiv som utgangspunkt for bileta ho lagar. Ho er oppteken av å få uttrykt ei stemning ved hjelp av lys og fargetonar, og oppheld seg på fritida mykje ute i naturen, der ho søker etter motiv som kan eigne seg for vidare arbeid.
Les meirJesper Klentz Evers er 54 år, og busett i København. Han er autodidakt og har malt i 25 år. For han har det hovudsakleg handla om ei personleg reise i maleriet
Les meirReidun Vinda er fødd 1964, i Øvre Årdal, der ho no også har vore busett i snart 20 år, etter å ha tatt kunstutdanning ved Kunsthøgskolen i Bergen mellom 1992 og 1997.
Les meirPer Grøtting, fødd 1950, er busett i Florø og har utdanninga si frå høgskulane i Stavanger, Stord og Notodden. Han har også hatt eit studieopphald ved Århus kunstakademi.
Les meirBente-Linn Bergene Huseby er fødd i 1956, i Sandefjord. Ho er busett på Nøtterøy, og har atelier både heime og på Olsgård Atelierfellesskap. Medlem NFUK (Norsk Forening for Uavhengige Kunstnerer).
Les meirLudvig Eikaas var ein norsk kunstmålar, grafikar og kunstprofessor. Han vert rekna som ein svært sentral kunstnar i siste halvdelen av 1900-talet.
Eikaas. debuterte som malar og grafikar i 1946, og gjorde seg merka med ein slåande *enkelhet i komposisjon og koloritt, og dessutan ein utprega sans for det *stofflige. Eikaas. var blant dei første som arbeidde i eit reint *nonfigurativt formspråk her til lands, med tilnærma geometriske former og eit fåtal fargar.
Norsk kunstnerleksikonBjørn Kaaks er først og fremst biletkunstnar. Han skildrar dyr, natur og menneske, mest i tresnitt. Kaaks har mellom anna gått på Statens Kunstakademi og vore elev hos Gunnar Haukebø (1976-79) og Ludvig Eikaas frå 1993.
Han har hatt ei rekke utstillingar, mellom anna Statens høstutstilling i 1995.
Bente starta å male for alvor i 2004 og er utdanna biletkunstnar fra Nydalen kunstskole. Har delteke på fleire juryerte utstillingar og har hatt ei rekkje separatutstillingar.
Randi Antonsen er fødd i Harstad, men er busett på Inderøy i Nord-Trøndelag og arbeider med mixed-media. Ho teiknar og malar i både akvarell og akryl, arbeider med tresnitt og andre grafiske teknikkar.
Kari Astrup-Geelmuyden er oldebarn av Nikolai Astrup og er busett i Jølster der ho har verkstad og utsal. Hennar brukskunst i keramikk og glas er flotte gåver, og kan sjølvsagt også nyttast til kvardags.
Sjå Kajsa si heimesideSmykkene til Ellen-Beate er hovudsakleg eigen design med inspirasjon frå naturen, eller har røtene sine i norsk kultur og drakthistorie. Ho arbeider for det meste i sølv, men tar også i bruk andre metall, gjerne med innslag av element som skinn, stein, bein, glas og perler.
Tor-Are Bjellmo er ein kunstnar frå Storsteinnes i Troms. Han malar bilete og lagar brukskunst som lysestakar og speglar.
Gunnar Eriksson har arbeidd heile livet med bilete, og har sidan tidleg på 1980 – talet delteke på kring 40 utstillingar i galleri i Sverige, Noreg,Tsjekkia og Kina.
Gunnar interesserer seg for menneske, både mentalt og kroppsleg, og i bileta vier han han stor merksemd til korleis både tanke og kropp bevegar seg.
Laurdag og søndag
kl. 13 - 16
29. juni - 11. august
Det er alltid råd å gjere avtale om besøk i galleriet utanom faste opningstider.
For avtale: ring 995 00 883.
Dersom vi er heime opnar vi galleriet for deg, så ta gjerne turen innom tunet for å sjå, dersom du er i området.
Vi tar imot bank- og kredittkort, samt Vipps og kontanter i galleriet.