Vêrmeldinga lovar 18 grader og vindstille så tidleg som klokka 7 på laurdag. Deretter skal temperaturen stige til langt over 20 grader langs heile løypa.
Det er bompengar på skogsvegen frå Laukeland mot støylen. Tidlegare år har grunneigarane registrert at folk som køyrer før løparane ikkje har respektert det. Ver så snill alle, betal bompengane. Grunneigarane er årsaka til at vi kan legge løypa her.
Utdeling av startnummer og mål- og depotposar skjer i Sentrum Sør i Førde (ved Spenst og Lorenzo) fredag 11. juli klokka 1700-1900.
Arrangørane bak Enivest Sunnfjord Ultra har bestemt at årets løp blir det siste. Med mindre nokon andre vil ta over.
Sju personar har allereie meldt seg på årets utgåve av Enivest Sunnfjord Ultra på dagen fem månader før start. Sprei gjerne den glade bodskapen om at du sparer ein hundrelapp på å melde deg på før 1. april. Velkomen til sommarens vakraste eventyr i Sunnfjord.
Ventetia er over - meld deg på Sunnfjord Ultra 2025!!