Vinnarpremiane er klare

Vinnarpremiane er klare

Her er dei flotte premiane til beste mann og beste kvinne i årets utgåve av Enivest Sunnfjord Ultra:

Ein engel laga av Oddveig Lyngstad er som tidlegare år vinnarpremie i løpet. Nytt av året er at vinnaren òg stikk av med ein Helle-kniv med inngravering. Tusen takk til Helle Fabrikker for bidraget til arrangementet!

Meld deg på innan fristen 19. juni, så er du uansett sikra den fine deltakarmedaljen og den eksklusive deltakar-t-skjorta. Du melder deg på via nettsida vår.

Velkomen til sommarens vakraste eventyr i Sunnfjord 10. juli!